Årets Glam – Jam på Pers.
Andebarkji Terrengsykkelklubb inviterte til storstilt kalas på Pers for å oppsummere årets kavalkade, og informere om neste sesong, 2011.
Årsmøtet vart annonsert på nett og i Hallingdølen på førehand for å samle kvinnelige og mannlige andebarkjarar.
Det vart dessverre dårlig oppmøte, men nok til at Eddy Storsæter ( klubbens trener ) hadde eit innholdsrikt foredrag om trening, retta mot den typiske birkensyklist.
Eddy hadde mange nyttige tips og svar på spørsmål som kom fra publikum.
Klubben takker for foredraget.
Om du har spm angående trening, kan du fortsatt komme med dei, så har Eddy svaret.
Regnskapet vart lagt fram av Ole Bjørn. Her var det eit regnskap med pluss. Det består av ein del klær på lager. Dette er det fortsatt gode priser på. Dei fleste treng ei ny bukse å slite på til sommaren.
Tour de Hallingdal var i 2010 eit vel gjennomført arrangement som gav pluss i klubbkassa. Komiteen lova eit større og enda bedre arrangement i 2011.
Gategutta fortsett i Valdres til våren og ønsker nye og gamle med på landevegscupen, Protour.
Sparebank 1 cupen vart trødd i gang med første ritt på Torpomoen .
Nytt av 2010 var den ”nye” nm løypa på Gol. Martin Haugo brøyta veg og fekk i stand løypa til eit spennandes ritt. Det vart møtt med stor skepsis frå mange, men etter gjennomføring av rittet stod det kun att syklistar med eit breidt smil om munnen. Alf Petter Kahrs smilte også etter å ha knota seg gjennom skråningene på Gol.
Vinnarane Sparebank 1 cup 2010
G 10 -12 – Filip Fjeld Andersen
G 13-14 – Alexander Fjeld Andersen
G 15 – 16 – Andreas Ulshagen Jorde
K 17 – 49 – Liv Birgit Jorde
M 17 -49 – Nils-Gunnar Arnegard
M 50 – 99 Ole Bjørn Tretterud.
Styret fortsett som før.
Den største oppdateringa for klubben dette året var ny heimside.
Sida har fått god oppslutning etter 1 års bruk.
Klubben minner også om at forumet må brukes meir. Her kan de opprette bruker for å selge utstyr, prate om treningsturer etc.
Har du stoff du ønsker å ha ute på sida, ta kontakt.
Årets Andebarkjar.
Dei nominerte for å kunne bli årets andebarkjar var som følger.
Alexander Fjeld Andersen
Martin Haugo
Nils-Gunnar Arnegard
Ole Martin Slettemoen Brenno.
Etter jevn avstemning, vart årets andebarkjar Nils-Gunnar Arnegard.
Gratulerer J
Årsmøtet vart avslutta med ein god middag på Pers i trivelig lag.
Kvelden vart avslutta med konsert, med Glam frå Wig Wam.
Ønsker alle nye og gamle medlemmer eit riktig godt nytt sykkelår
– STYRET