Ni og tjugande desember vart nøk ein merkandes dag førr uss Andebarkjera. Då vart det nemleg avhalden årsmøte på Pærs Hotel. Heile 31 vakre ungdomma frå sekstan te nokon i undekant tå sytti deltok meir ell mindre åndeleg på møtet.
Styremøtu 2004
Det ha vørte avvikla eit øpent styremøte i 2004, samt fleire telepatiske.
Diverse saku
Innkallinga va heldigvis godkjent alt tysdag, so me slapp å hefte tid med denslags byråkrati. Sykkelpresident Svein Ivar Moen leda møtet med full kontroll, han hjalp sågar Tretteruden med å lesa dei noko vanskelege bokstavadn og tala i papiradn.
Kjell – Skrue – McÅlrust la fram hyggelege tal som viste at me hadde ein pluss på fem lappa detta året. Og framleis gødt med jordisk gods på bokji i bankji.
Val og slikt
Valkomiten bestående tå Jan Erik Brenna, hadde ikkji gjort stort i år hell. Det skyldas rett å slett at det sitande styret ikkji ha gjort noko gale. Noko som e ganske naturleg når lite bi gjort.
Det kom eit benkeforslag på å pælme Terje Bøygard ut, dytte ungdomskonsulenten (som ha vørte noko eldre enn ung) te sekretær og so dra inn ho Liv Birgjit Jorde som ungdomskontakt. Me rekna med at det vart lettare å rekrutere småfant med ei ven jente enn ein halvgamal gutelarv frå Hemsedal.
Eivind Thorsethaugen som nok va lite bitter førr ikkji å ha blitt forespeila jobben som ungdomskontakt – saboterte detta. So me i styre må nøk ha fleire møtu utta kvemfølk. Men neste år Eivind, då tek me att.
Heder og ære – ei vanesak!
Som tradisjonadn tesi, vart det i år me delt ut peng te vinnaradn frå Rimi-Cupen (Aslak Botten, Liv Birgit Jorde, Håkon Sukke, Ernst Olav Botnen, Sindre Sataslåtten og Susanne Haugo). Gunnar Haugo vart ein tusenlapp rikare for at han va så flink te å møte opp på Rimi cupen
Elles vart det trekt ut to som sykla klubbmeisterskåpet, dei heldige som vart 500 kronu rikare vart Svein Jorde og Halstein Hoftun
Kampen om den gjevaste prisen inna Andebarkji, Årets Andebarkjar, vart i år hardare enn nokon gøng.
Heile fire kandidata vart lagt fram for forsamlinga. Detta va Aslak Botten førr å ha vønne det meste, Thorgeir Røer førr lang å tru tjeneste førr klubben (det e han som plaga dikon med desse siudn og slikt), Jorund Tretterud også ho førr uhørveleg tru tjeneste (tross alt gift med Ole Bjødn) og sist Gunnar Haugo førr å væra einaste halling med ti fullførte (og merku) Birkebeiner Ritt.
Stemmu vart te å me solgt. Torbjørn Skarpås nytta høve te å fri te ho Marianne Tretterud ved å lova ho Jorund stemma si om han fekk døttere. Når det bi gjestebø, era me`kje sikre på – men begrepet romantikk fekk heilt klårt ein ny og ukjend dimensjon.
Når ei stemme sto att, va stillinga heilt lik myljo dei tre fyste kandidatadn, medan Gunnar Haugo va rista tå lengje før siste indre. Det va den sportslege tungvektaren Thorgeir Røer som drog te se årets utnevnels (takk te alle som stemte, e stemte faktisk på ho Jorund – men det va no bærre førdi det sat nokon å såg på ko e skreiv:-)).
Takk te alle sponsoradn
Me vil me nytte høve te å takke alle sponsoradn våre og spesielt han Runar Oppheim som ha stått bak bidraga te Rimi – Cupen.
Cupen 2005
Me sko sjølvsagd arrangere cup neste år me, men me æra ikkji sikre på ko den sko heite sia Runar Oppheim ha trekt seg ut tå Rimi. Følgj med, so sko me nøk finne ei god løysing.
Det e me viktig at dekan gjer innspel på ko me bør gjera med cupen te neste år. Ko kun me gjera førr at fleir deltek? Sku me laga ein pondus klasse kansji, der tida ikkje spela nokon trille? Ko meina du? Gje uss di meining no!
Peng og slikt førr 2005
Me treng heile tide peng, akkurat som kjerringadn og ungadn (detta ha e bærre høyrt tån Ole Bjødn og Gunnar Haugo, sia e` e kronisk ungkar so veit e lite ell inkje om slikt).
Førr å unngå å delta på langdruge dugnada å slikt, vart det bestemt at me sko utarbeide eit informasjonsblad te utdeling. Eit vent hefte der me presentera klubben, ritta i cupen (kansji me era storvegse å presentere Halling- og Skarverittet me), nokon turtips, lite mekking og eit bråte med små annonsa som sko gje uss gødt med peng.
Førr å få te noko slikt, må alle væra med å selgje nokon få annonsu te 500 kronu. Me era enda ikkji heilt sikre på koss me sko distribuere brosjyra, men med 118 medlemma burde hverken salg ell utlevering væra noko problem.
Flodbølgekatastrofa i Asia
Kjell Ålrust kom med eit svært gødt innspel på at me som ha råd te både sykla og medlemskap i Andebarkji og burde bry uss om dei som slit ette flodbølga i Asia.
Klubben ha vedtikji å gje 1300 kronu, medan Aslak Botten umiddelbart ga 500 kronu tå sin gevinst som vinnar tå premien sin. Totalt vart det satt inn 1800 kronu frå Andebarkji.
Årets Andebarkjar fekk fort dårleg samvet ette å ha høyrt om Bottens toppa hjarta og ga sjølv same sum te innsamlinga samt to nydelege bilete te ein auksjon på Oset i mergo. Me uppførdre alle are te å gje peng me – støtt upp med å ringe 820 43 000 (då gjer du 100 kronu via talatuten).
Årsmøte 2005
Også i 2005 vil det værta årsmøte i romjule, men ette uppførdring/befaling frå Pærs Hotel era me nødt te å uppføre uss som dei glansbilda tå norske ungdom me æra. Ell so fer me ikkje løv te å koma te Pærs atte.
Då e det bærre att å takke førr eit gødt sykkel år og ynskje hell og lykke te neste år atte!
Helsing uss i (sykkel)styre.