Torpo-Liatoppen, galne pesara

Liatøppen e verdsberømt førr dei gode vafladen som bia servert i værmestugu unde skirenna te Tørpo IL. Dei era duvele gode, spesielt om du tek på slik syltety. Ikkji førr atte syltetyet frå FirstPrice era så gødt, men førr at me då føle at me fær meir førr pengadn.

Ikkji veit e om det gjekk ryktu om at det kunne væra atte nokon vaffla ette puddingrennet i romjule ell ko anna som va grunnen te at

ein heil haug syklista trøkka alt dei kunne upp bakkadn frå Tørpo, gjønom Uppheim, burte Underlie og viadere upp dei steile bakkadn te Liatøppen.

Mule at det skuldast at det va slik eit sykkelritt, men lell då gut. Det kan då ikkji væra nødvendig å tråkke te so gale lell.

Sjølv heimehåpet (ja ell han dreg jo på åre, so kanskje me sku halde uss te å sea heimekaren) frå Tretterud meinte det bar or upp dei fyste bakkadn. Ungkvælpadn tråkka te og sykla i meir enn femtan kilometer i timen upp te Uppheim. Det e snøggare enn dei som bur der køyre med bil når dei kjem heim frå bingo. Det si sitt det.

Sea rittet vart arrangert frå Tørpo, ja so va det sjølvsagt vent vær. Sola skein og fugladn song so vent som bærre fugladn og eit par are sangera kan syngje.

I bakkadn der e låg å slappa tå med fotoapparatet mitt, ja der va det lite synging – men desto meir pesing. Personle syns e kansji det kan bi lite kleint med vaksne kara i tettsittandes kleu som pesa når dei fær auge på me – men når det kom ei jente som pesa me, ja då skjønte e med eitt at det nøk ikke va på grunn tå at dei fann me tetrekkandes.

E e lite utrygg på kem som pesa høgast, so te neste år føreslær e at me montera upp ein målar som fange upp decibel støy. KJell Bidne og Morten Nilsen, samt ein kar frå Geilo va nøk dei som kansji pesa høgast. Ja han Nilsen va te å me so sliten at han såg kyr der are såg fotograf med eiskle svært kamera og blits. Ikkji ha e sett nokon kyr som ha slikt me se, men kan hende bør e tenkje lite på koss krøppen ser ut. Ha e so svære jur då tru?

Fyst uppi bakkadn der e va, ja det va`n Nils Gunnar Arnegard, ein god beta fyri Kjetil Andre Bjerkrheim som såg ut te å væra på ein role trimtur når`n smilte te kamera.

Han Terje Bøygard ha nøkk fått los på at det e pengepremia i køppen, so han gjer no alt førr å vinne klassen førr kara som ha vørte femti år og meir. Det ser me ut te at han gjer so. Han va nemlig blant dei aller snøggaste upp bakkadn. Imponerande tå ein gamal kar frå Ål.

Ikkji overaskande va det ho Nina Gässler som va snøggaste dame upp bakkadn. Kansji førrdi ho værma upp med å sykle frå Geilo te Tørpo, og restituerte seg med å sykle heimatte te Geilo ette rittet me. Ell kanskji bærre førrdi ho e duvele sprek og utrule god te sykle på sykla. Ho va`kje sliten i bakken ein gøng. Satt å kauka om kor fin utsikt det va. Trukje mange are såg noko te den. Men e kan bekrefte at ho ha heilt rett.

Noko særle meir kan e ikkji fortælja dikon, førr e veit ikkji kem som sykla på ko te tid – men tiudn kjem nøk snart sko du veta.

E kan derimot nemne at dei yngste syklistadn trøkka te på ei eiga løype uppe på Liatøppen. Dei voro ganske mange, men e veit ikkji kor mange – førr e kom nett so e fekk sett starten fyri e «flaug» (det vil sea gjekk role) neri bakkadn førr å sjå på dei store karadn og kvenfølke!

Gaurhovdrittet- årets høydare…

Stor idrettshelg i vente i Hallingdal: NM cuprunde i utfør på Nes, landsfinale bilcross på Fuglehaugen, nesningan ska spela NMrunde i handball men ikkji aller minst årets høydare og siste finpuss før Birken: Gaurhovdrittet, nærast uoffisielt eit Hallingdalsmesterskap i terrengsykkel. Eit sykkelritt som passa førr alle, store som små og med attraktive premia. Ritte e avslutningsritt på årets Sparebank1 cup der det ska avgjerast viktige plasseringa. Me ynskje store og små syklista vælkømin opp te Øknin/Torpoåsen. 

Sundag 19.august 2012
Start og mål ved Øknin på Tørpoåsen
Merka veg fra bom i Opheim
Trimmklassen kan starte frå kl 11.00 og velje myljo løype på 13 ell 25 km
Aktive starta kl 12.00
10 – 14 år sykla løype på 13km
Junior og seniorklassudn sykla løype på 25km
Påmelding:
ob.tretterud@swixsport.no 

Ritte finn du me på Fjesbokji